Nestleiar I Hafs Interkommunale Barnevernteneste

hace 2 semanas


Tarapacá, Chile Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste A tiempo completo

Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste

**Sted**:
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

**Søknadsfrist**:
12.04.2023

Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig nestleiar i 100% fast stilling til HAFS barnevernteneste. Vi ønskjer oss ein nestleiar som er oppteken av å møte tilsette, brukarar og samarbeidspartar på ein audmjuk og trygg måte.

HAFS barnevernsteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har 6 fagstillingar og 2,5 tiltaksstillingar med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord. Tenesta arbeider etter generalistmodellen, der tilsette arbeider med alle delar av barnevernsfaget. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr noko reiseverksemd i arbeidet.

Barnevernfeltet er i stadig utvikling, og du som nestleiar vil vere ein viktig samarbeidspart for barnevernleiar for å sikre gode tenester til brukarane i HAFS. Du vil få eit særskilt ansvar for arbeid med kompetanseutvikling i tenesta og samarbeide tett med leiar, både som diskusjonspartnar og med oppgåver i dagleg drift. I leiar sitt fråvær vil det og vere nestleiar som tek over leiinga av barneverntenesta. Som nestleiar er det viktig at du har eit godt overblikk over samarbeidsinstansar og -system.

I tett dialog med leiar vil du få eit særskild ansvar for oppgåver som t.d introduksjon av nye tilsette og å sikre gode opplæringsplanar i tenesta. Det vil og ligge til stillinga å følgje opp kompetanse
- og utviklingsplanar og det er difor viktig at du trivast med fagleg rettleiing og er oppteken av kompetanseutvikling.

**Arbeidsoppgåver**:

- Ansvar for opplæring og kompetanseheving
- Sakshandsaming etter barnevernlova
- Systematisk arbeid med meldingar, undersøkingar og tiltak
- Fosterheimsoppfølging
- Direkte tiltaksarbeid med barn og foreldre
- Samarbeid med andre instansar i akutte situasjonar/kriser
- Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
- Deltaking i interkommunal telefonvakt som er delt mellom 7 kommunar
- Oppfølging av drift av barneverntenesta i samarbeid med leiar

**Kvalifikasjonar**:

- Minimum 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis som barnevernspedagog eller sosionom
- Ønskjeleg- erfaring frå kommunalt eller statleg barnevern
- god kompetanse på gjeldande rutinar og lovverk
- relevant vidareutdanning
- Førarkort Kl. B
- Det blir vektlagt om ein er personleg egna til stillinga

**Personlege eigenskapar**:

- Gode rettleiingsevner
- Kunne leie faglege møte både internt og eksternt
- Stå stødig i vanskelege avgjersler
- Gode samarbeidsevner

**Vi tilbyr**:

- Konkurransedyktig løn
- 50 000;
- alltid på topp tillegg
- Intern og ekstern rettleiing
- Mogelegheit til å ta vidareutdannig
- Gode pensjonsordningar
- Rabatterte forsikringar i KLP

Er du interessert i vite meir om oppgåvene og arbeidsplassen? Då håper vi du tek kontakt med oss.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Link til søknadsskjema: Søk her

**Om arbeidsgiveren**:
**Arbeidsgiver**:
Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste

HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har ei bemanning på 6 fagstillingar og 2,5 tiltaksstilling med kontorstad i Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord.